Rune Skarsfjord
Rune Skarsfjord | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. mai 1970 (54 år) Narvik |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Høgd | 184 centimeter |
Rune Skarsfjord (fødd 23. mai 1970) er ein norsk fotballspelar og -trenar frå Narvik. For tida jobbar han som hovudtrenar for SK Brann.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Rune Skarsfjord er son av fotballtrenaren Terje Skarsfjord. Som fotballspelar spelte Rune Skarsfjord for ei rekkje ulike lag, deriblant Fotballklubben Mjølner i Narvik, Tromsdalen Fotball, Moss Fotballklubb og FC Lyn Oslo. I tillegg har han vore assistenttrenar for Rosenborg og hovudtrenar for Fotballklubben Haugesund før han kom til SK Brann.
Då Steinar Nilsen overtok som hovudtrenar for Brann etter Mons Ivar Mjelde i 2008, tok han Rune Skarsfjord med seg som assistenttrenar. Dei jobba saman fram til mai 2010, då Nilsen trekte seg. Skarsfjord vart då forfremja til midlertidig hovudtrenar. 1. november same året vart han annonsert som permanent hovudtrenar. Han har signert ein treårskontrakt med klubben som varer ut 2013. Noverande assistenttrenar er Patrik Hansson.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rune Skarsfjord» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Profil på Brann.no Arkivert 2010-12-29 ved Wayback Machine.
- Profil på LynHistorie.com